Måndag kveld hadde regjeringa ny pressekonferanse der nye nasjonale tilrådingar og reglar som vert gjeldande frå natt til onsdag 15. desember vart presenterte. Regjeringa skil mellom generelle råd, tilrådingar og forskriftsfesta tiltak og dei nye tilrådingane og reglane vil gjelde også i Fjord kommune.
Test deg ved symptom!
Det er dei nasjonale retningslinjene som gjeld i Fjord kommune.
Vi oppfordrar alle om å teste seg ved luftvegssymptom, halde seg heime om ein er sjuk, og halde avstand til andre på offentlege stader.
Vi oppfordrar også alle til å vaksinere seg. Dei som ynskjer dose 1 eller dose 2 kan sende ein epost til korona@fjord.kommune.no for å bestille time snarast råd.
Føre var-tiltak i Fjord
For å vere føre var innfører kommunen nokre ekstra tiltak:
- Stordalshallen og Martin Linge-Huset blir stengt for aktivitet utanfor skuletida. Kommunen oppfordrar i staden til aktivitet utandørs.
- Rådhuset i Valldal og kommunehuset i Stordal blir stengt, men du får hjelp ved å kontakte sentralbordet på telefon 418 67 800.
- Bruk munnbind når du er på besøk i kommunale bygg (sjukeheim, bibliotek, skule, barnehage osv).