Det er påvist fleire nye smittetilfelle i Fjord kommune, det melde kommunen på heimesidene sine fredag 10. september.
Ein person i Eidsdal er smitta og der er smittesporing utført.
I Stordal er ein ungdomsskuleelev påvist smitta. Medelevar og nærkontakter vart testa i går kveld. Hurtigtestane i kveld viste ytterlegare fem positive. Desse vert verifiserte med nye testar av alle i dag, laurdag 11. september. Det er fleire elevar i andre klasser med symptom og smittesporing er i gang.