Arbeidet med ny ferjekai i Eidsdal er under førebuing, og ymse utstyr er i ferd med å kome på plass.
No melder Fjord kommune på heimesida si at sanitærbygget på kaia i Eidsdal vil bli sett ut av drift i samband med bygginga av ny ferjekai. Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider no med å finne ei førebels løysing inntil eit nytt sanitærbygg ved ferjekaia i Eidsdal står ferdig.