Ikkje uventa vart det i dag, påskeaftan, stadfesta smitte hos tre personar i Fjord kommune, jfr informasjon om tre positive hurtigtestar i går.
Kommunen skriv på heimesidene sine at dette er nære nærkontakter til personar som tidlegare har fått påvist smitte. Alle har vore i karantene.