Fjord kommune fekk seint torsdag kveld stadfesta tre nye smittetilfelle. I tillegg var det fleire positive hurtigtestar, og kommunen forventar at desse blir bekrefta smitta av mikrobiologisk lab i Molde. Oppdatering kjem på kommunen sine heimesider når dei endelege prøvesvara er klare.
Det står å lese på heimesidene til Fjord kommune at kommunen har auka testkapasiteten. I går, torsdag, vart nærare 60 personar testa og det vil bli testa lika mange i dag. Det vert satsa på brei testing i dagane som kjem for å få god oversikt, og det vil difor også vere høve til å teste seg laurdag og søndag.
Kriseleiinga i Fjord kommune samlast til møte i løpet av fredag føremiddag – og meir informasjon vil kome etter det møtet.