Fjord kommune melder på heimesidene sine at dei i kveld, onsdag 24. mars, har fått informasjon om at tre personar i kommunen har fått påvist smitte.
Kommunen kan ikkje utelukke at fleire kan ha blitt smitta, og kriseleiinga har bestemt at Valldal skule og Syltebøen barnehage vert stengt inntil vidare. Smittesporing er sett i gang.