I kveld, søndag 3. januar, kom regjeringa med nye og strengare smitteverntiltak. Mellom det regjeringa tilrår, er at alle landets ungdomsskular og vidaregåande skular skal gå til raudt nivå og dermed vurdere å ta i bruk heimeundervisning.
Kommunedirektør i Fjord, Karl André Birkhol, seier søndag kveld til Storfjordnytt at det er beslutta at ungdomsskuleelevane i Fjord skal ha heimedag i morgon, måndag 4. januar. Det er grunngjeve med at skulane har behov for tid til å planleggje eventuell heimeundervisning som i så fall vil ta til tysdag 5. januar.
Elles kan kommunedirektøren fortelje at han har kalla inn kriseleiinga i kommunen til møte i morgon tidleg der dei nye råda og tiltaka frå regjeringa skal diskuterast. Han seier han reknar med at Fjord kommune langt på veg vil følgje dei nasjonale tiltaka og at meir informasjon om dette vil kome i løpet av i morgon føremiddag, altså måndag føremiddag.
No ligg informasjonen om heimedagen også her på Fjord kommune sine heimesider.