I Valldal elveeigarlag er det om lag 60 grunneigarar med fiskerett. Leiar i laget, Stein Kristian Valdal, sendte ut epost til medlemmane der dei kunne seie meininga si ved å svare på eitt av tre alternativ.
- Stenge Valldøla
- Halde ope i juli med moglegheit for stenging på kort varsel og unngå nattfiske
- Halde ope frå 15. juni til 15. august med moglegheit for stenging på kort varsel og utan nattfiske.
29 svarte på eposten og 28 av dei ville stenge elva for fiske og éin ville halde elva ope i juli.
– Det var eit så klart fleirtal at den avgjersla var enkel å ta. Det er for å sikre livskraftig bestandar i alle lakse- og sjøaurevassdrag på Sunnmøre og på vegner av komande generasjonar vi gjer dette. Vi må sikre sårbare bestandar av villaks mot overbeskatting for å sikre grunnlaget for eit haustbart overskot i framtida, seier Stein Kristian Valdal.
Stordalselva
Stordal elveeigarlag opnar for fiske etter laks i Stordalselva 2021. På sitt årsmøtet vedtok Stordal elveeigarlag einstemmig og opne for fiske etter laks i Stordalselva i perioden 1-31. juli. Det vert strenge fangstrestriksjonar. Sjøauren er freda.
Miljødirektoratet informerte tidlegare i vår på nettsidene sine om redusert laksefiske i sjøen, i elver med lite laks og der fangstrapportar manglar.
Framlegg om nye forskrifter for fiske på laks, sjøaure og sjørøye i sjø og vassdrag har vore på høyring i perioden 12. juni til 6. september 2020. Det var over 250 høringspartar som sa meininga si. Forskriftene er no vedtekne og tok til å gjelde frå og med 15. mars 2020.