Til Nibberittet var det 152, Nibbeløpet 79 og Nibbeløpet Mini 34 påmelde. Nibbeløpet Mini gjekk i mål ved Flydalsjuvet, dei andre sprang eller sykla heilt til topps på Dalsnibba. Det var ein strålande dag med opp imot optimale forhold for dei som skulle løpe og sykle i motbakkane.
Kort distanse
Nibbeløpet Mini var løpet med flest lokale deltakarar. Spreke ungdomar, men òg vaksne kunne melde seg på. Med kikkerten oppe ved Hotell Utsikten kunne du raskt sjå at det var den unge og lovande Laurits Linge Glomnes frå Valldal idrettslag som hadde teke leiinga. Den heldt han på heilt til han passerte mål på tida 18 minutt og 7 sekund.
Dei sju fyrste løparane i mål representerte idrettslaga Valldal, Eidsdal, Geiranger og Norddal. Resultatliste Nibberittet Mini 2021.
Nibbeløpet
25 minutt etter starten på det fyrste løpet starta dei som skulle springe heilt til toppen av Dalsnibba, 1500 høgdemeter og 21 kilometer langt. Kilian Jornet tok raskt leiinga og heldt den helt til mål på tida 1.31.45. Han har sjølv rekorden på distansen, den er på 1.26.42, den sette han i 2019. Før det hadde Hans Martin Gjedrem rekorden i heile ti år. Den sette han i 2009 og tida var 1.28.57. I år kom nevøen til Hans Martin, Iver Gjedrem Lund frå Vinne il, inn som nummer to på tida 1.45.38. Finn Ivar Lied, Liabygda il kom inn på ein sterk niandeplass med tida 1.58.25. På 13. plass kom Ole Magnus Melchior, Norddal il, på tida 2.02.10. Resultatliste Nibbeløpet 2021.
Sykkel
Det er Nibberittet som har flest deltakarar og konkurransen vart første gong arrangert i år 2000.
Jon Sæverås Breivold frå Bygdø il deltok for andre gong på Nibberittet og er 26 år.
– I dag var det nærast optimale forhold og allereie etter berre tre, fire kilometer kom eg heilt i tet og derifrå og til mål sykla eg åleine og kunne sjølv bestemme farta, utan at det vart nokon form for taktisk køyring. Eg er veldig godt nøgd med å sette rekord i dag, seier Jon Sæverås Breivold som no har den nye rekorden på Nibberittet med tida 59.08. Opp 1500 høgdemeter og 21 kilometer på under ein time altså.
Jon Kåre Løvoll, Eidsdal il, kom inn som nummer 47 på tida 1.30.37. Ole Jakob Rønneberg som nummer 54 på 1.33.09 og Svein Inge Westerås som nummer 58 på tida 1.34.12. Resultatliste Nibberittet 2021.
Frivillige
Mange frivillige frå Geiranger il og Eidsdal il var med og hjelpte til. Det skulle vere om lag 100 personar som på eitt eller anna vis gjorde ein innsats. Det var ikkje vanskeleg å treffe folk du kjende som enten dirigerte trafikk, delte ut saft og forfriskingar eller på anna vis gjorde ein innsats. Det er Geiranger il og Eidsdal il som deler på arrangementet. Sjølv er dei ikkje folk nok, så dei leiger inn hjelp i frå Norddal idrettslag i tillegg. Norddal il får betalt for kvar funksjonær, i tillegg får funksjonærane ei jakke og ei T-skjorte.
– Vi må dele på overskotet i desse små bygdene og dette er ein måte å gjere det på, seier Rune Georg Maråk i Geiranger idrettslag.
Til liks med tidlegare år, hadde Eidsdal-Norddal Røde Kors også denne gongen mange folk stasjonerte langs løypetraseen.