Festspela i Geiranger og frivilligsentralane i Stranda og Fjord kommunar har gått saman om å spreie musikkglede rundt om på institusjonane i dei to kommunane denne veka. Og det er trekkspelduoen Storm Duo som er ute på tur desse dagane.
Første konsertstad ut var Stranda omsorgssenter tysdag føremiddag. Evgenii Zhukov frå festspelstyret ønskte velkomen før han overlet resten til dei to unge damene i Storm Duo. Og for ein konsert strandarane fekk! Her fekk vi verkeleg oppleve to særs dyktige musikarar – som viste oss at trekkspelet ikkje berre høyrer heime i spelemannslaga, men står utmerkt på «eigne bein» også.
Erfarne musikarar
Det er to unge damer som står bak Storm Duo, med Kristina Farstad Bjørdal som er som lokal å rekne og Asta Soffia Thorgeirsdottir frå Husavik på Island. Dei to fortel at dei har spelt i lag i fem år – og at det sidan starten i 2017 har blitt ei rekkje konsertar innan mange sjangrar, på mange scener.
Dei to har ein brei musikalsk bakgrunn. Dei er utdanna ved Noregs Musikkhøgskule, Hochschule für Musik Freiburg og Det Kongelige Danske Musikkonservatorium. Og dei spelar alle sjangrar, frå klassisk og nyskrive musikk, til tango og meir «tradisjonell» trekkspelmusikk.
Dei to fortel at noko av det dei likar best, er å vise kva trekkspelet faktisk kan brukast til.
Breitt spekter av musikk
Dei som hadde funne vegen til stova på omsorgssesnteret denne dagen fekk verkeleg høyre kva eit trekkspel kan brukast til, for her fekk vi høyre smakebitar frå det rikhaldige repertoaret til Storm Duo, frå den «tradisjonelle» trekkspelmusikken og det vi kanskje ikkje tenkjer at går an å spele på eit slikt instrument. Som til dømes Holberg Suite av Edvard Grieg – alle tre satsane til og med. Og det fungerte faktisk svært, svært bra!
Publikum sette tydeleg stor pris på konserten, ein kunne høyre at det både vart trampa takten og klappa undervegs i programmet. Særleg livleg var det under ein tango som Kristina Farstad Bjørdal hadde gode minne om, ettersom far hennar brukte å spele den. Det var ein tango av Toralf Tollefsen som heitte «Ungomsminner».
Institusjonar i Fjord får også besøk
Dagleg leiar i Stranda Frivilligsentral, Aud Tomasgard Berstad, syntest det var storveges å få slikt besøk. Og ho var svært takksam for at mellom anna Gunnar Inge Eide var med på å leggje til rette for at også dei som ikkje har så lett for å vere publikummar i Geiranger under festspelhelga også kunne få ein smakebit av det som skal føregå.
Ho håpte på fleire slike samarbeid i framtida – i tillegg til samarbeidet med Festspela, rosa ho også samarbeidet med frivilligsentralen i Fjord kommune.
For torsdag og fredag denne veka, får også institusjonane i Fjord kommune oppleve denne eminente trekkspelduoen. Først ut er Stordalstunet og Valldal sjukeheim som får musikalsk besøk torsdag, og fredag er det omsorgsbustaden i Eidsdal og omsorgssenteret i Geiranger sin tur. Og eg vart mint om å seie at det er høve for dei som ikkje bur på institusjonane også til å ta seg ein tur.
Startar i kveld
Og det er altså i kveld Festspela i Geiranger startar. Først med opning av festspelutstillinga i Geiranger Galleri – og årets kunstnar er då sjølvsagt Ola Une Ferstad Liland. Deretter vert det vorspiel der mellom andre dei i festspelstyret spelar – før det frå og med fredag går slag i slag med store og små arrangement av ymse slag.
Mellom anna kjem to av dei mest folkekjære klassiske musikarane vi har her i landet. Arve Tellefsen er nesten som nyleg avdøde Dronning Elizabeth, han har på eit vis «alltid» vore her og trollbunde oss og resten av verda i over 60 år med sitt virtuose fiolinspel og lune humor. Eli Kristin Hansveen er solist i dei store rollene på operascena, og på Stjernekamp tok ho NRK-sjåarar med storm med si unike stemme, utstråling og sjangerbredde. I tillegg kjem Operaens Sinfonietta, Frank Havrøy, Gunnar Flagstad, Storm Duo og mange fleire! Og i år som i fjor vert det konsert 1500 meter over havet, altså på Dalsnibba. Festivalgate med marknad og musikalsk bidrag ved Valldal Hornmusikklag blir det også.
Gler seg
Billettar til dei ulike konsertane har vore til sals ei stund no, men festspelgeneral Gunnar Inge Eide kan fortelje at det framleis er billettar å få, sjølv til opningskonserten med Arve Tellefsen fredag kveld. Men han oppmodar dei som vil ta turen og som enno ikkje har skaffa seg billett, om å gjere det snarast råd, om ein kan. Er det billettar att, vil det vere høve til å kjøpe dei i døra.
Han fortel at dei no er i innspurten med å få siste rest av alt det praktiske på plass.
– Dette er utruleg triveleg å halde på med – og no gler vi oss veldig til å kome i gang, seier han og håper at mange, også lokale, finn vegen til Geiranger i helga.