I år arrangerer Storfjordens venner Storfjorstemne på fjellgarden Ytste Skotet søndag 12. juni. Det er tredje gongen stemnet haldast der. Fyrste gongen var i 1995.
I ei pressemelding står det at programmet er rikhaldig og for alle aldersgrupper. Leiar av Storfjordens Venner, Inge Bjørdal, vil opne og orientere, ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, kjem med ei helsing og Jenny Marita Sørås vil synge. Ingvild Hansen Nystad vil fortelje og reflektere om den tida ho budde der og Odd Normann Hoff vil orientere om arbeidet til Storfjordens Venner.
I 1954 slokna elden etter meir enn 300 år med varme i stova på Yste Skotet. Forfallet tok over. Stovehuset og stabburet hadde platetak og berre mindre skadar. Løa var nesten havarert og på eldhuset hadde alt treverk rotna. Fleire hus låg heilt på marka. Storfjordens Venner starta arbeidet med restaurering og vedlikehald i 1989 og i dag er alle bygningar vølte eller nybygde i kopi.
Sunnmøre Museum hadde tidlegare ansvaret for drifta av garden, no har eigar Storfjordens Venner overteke ansvaret for drifta.