Førskomande fredag, altså fredag 5. august, vert ein fin dag for musikkinteresserte i området vårt. Om ettermiddagen inviterer Geiranger Skysslag AS til stor feiring og konsert med Daniel Kvammen på Dalsnibba, og fredag kveld inviterer Thomas Brøndbo til konsert i Geiranger kyrkje.
Brøndbo fortel at han likevel skulle til Geiranger laurdag – og tenkte kvifor ikkje gjere noko fredagen. Dessutan trivst han godt i kyrkjerommet, og tenkte at der har han lyst til å prøve å ha konsert. Som tenkt, så gjort – og når dei som styrer med kyrkja også var positive, så vert det altså konsert.
Når ein hører namnet Brøndbo, så er det kanskje ikkje kyrkjer og musikk som passar der ein først tenkjer på. Men Thomas fortel at sjølv om han og brørne er svært ulike, så har dei musikken til felles – og han har gjort ting saman med dei eldre brørne Eskil og Bjarne. Men det var soloartist han ville vere og debutalbumet til Thomas, Du sa æ va en drøm, kom i 2008.
– Eg har mange år på baken som artist, seier Thomas som mest av alt ønskjer å gje publikum ei god oppleving og vise at han står solid på eigne bein som artist.
– Kyrkjer er bra rom, ikkje berre for det musikalske, men også til å formidle ting mellom songane. Folk kjem gjerne til kyrkja for å lytte, og då får dei også med seg bodskapen mellom songane, seier han.
Han gler seg veldig til å spele i kyrkja på fredag og for dei som har lyst til å ta turen, er det billettar å få ved inngangen. For dei som har lyst til å få med seg begge konsertane fredag, er tidspunktet for kyrkjekonserten lagt slik at det skal gå fint.
– Geiranger er ein fin plass, det er ei fin kyrkje – det kan ikkje bli mykje betre enn det, slår han fast og håper folk finn vegen til kyrkja fredag kveld.