Slik kan konserten med Thomas Brøndbo i Geiranger kyrkje fredag kveld oppsummerast.
Thomas Brøndbo hadde invitert seg sjølv til å halde konsert i kyrkja denne kvelden – han skulle til Geiranger likevel for å spele i eit bryllaup.
– Det er langt frå Namsos og til Geiranger, så når eg først tok turen tenkte eg kvifor ikkje invitere til konsert her i kyrkja, sa han og måtte innrømme at han var spent på om det i det heile tatt ville kome nokon å høyre på, men det gjorde det altså.
Både eigne og andres songar
I løpet av den timen konserten varte, fekk vi høyre både hans eigne og andres songar. Innimellom songane fortalde han pussige historier – og anna. Brøndbo fortalde at noko av det kjekkaste med å vere ute og reise, er at ein treffer mykje folk.
– Dei fleste er hyggjelege, så har vi dei som kan vere litt for ærlege, sa han og fortalde om den gongen i 2007 då han skulle varme opp under Jentebølgen i Trondheim. Då kom det ei dame bort til han og lurte på om det var han som hadde den songen som vart spelt så mykje på radio, den som heitte Amalie. Han måtte innrømme at jo, det var han.
– Det er den styggaste songen eg har høyrt, sa ho og så gjekk ho, fortalde han.
Så fekk vi høyre den mykje omtalte «Amalie» – og den er slett ikkje så stygg som dama i Trondheim ville ha det til. Tvert om.
Brøndbo fortalde at han har hatt mange konsertar i kyrkjer dei seinare åra – og han likar kyrkjerommet. Ein ting er at kyrkjer ofte er gode rom å spele i, men så er det også slik at dei som går på ein konsert i ei kyrkje, dei er der for å lytte. Då lyttar dei også i det som vert sagt mellom songane. Og det set han pris på.
Odd Norstoga sin «Ein farfar i livet» hacde Brøndbo døypt om til «Ein bessfar i livet». Fordi han alltid har kalla besteforeldra sine «bessmor» og «bessfar». Her fekk han vist at han er ein habil pianist også.
Grand prix og sjømannskyrkja
For dei som hugsar attende til 2009 og den norske finalen i Melodi Grand Prix, kan kanskje erindre at Thomas Brøndbo var med der også. Eller kanskje ikkje. For som han fortalde, å gå på scena rett etter at Alexander Rybak hadde sunge og spelt på fela si, det var nesten nyttelaust.
– I alle fall når songen handla om når eit parforhold ikkje er så bra lenger og ein skal skiljast, sa han og la til at det meste drukna etter at Rybak hadde vore på scena. Men vi fekk friska opp skilsmissesongen «Det vart en storm».
«Heim et annet sted på jord» er ein hyllest til Sjømannskyrkja – og ofte har han med seg storebror Bjarne på denne, men det går aldeles utmerkt åleine også. Så fekk vi høyre ein Åge-song, og til og med Terje Tysland hadde Brøndbo med seg til Geiranger, i tillegg til fleire andre songar.
Pannekaker
Og så var det dette med pannekaker då. Det er nemleg noko av det beste Thomas Brøndbo veit, sjølv om han med sine 48 år nok kan kallast godt vaksen.
– Og mammas pannekaker er sjølvsagt dei beste, sa han og fortalde korleis han sjølv no vert som ein liten gut att når mamma fiksar pannekakene slik han likar dei best, med blåbær og sukker, rulla saman og delt i bitar. Med venleg helsing mamma.
Frode Viken var låtskrivar for D.D.E. i mange år, og naturleg nok ein også Thomas kjende godt. Songen «Nykoka kaffe» passa godt i denne settingen. Så var vi mot slutten av konserten – og der dukka også «Blå salme» opp. Den er alltid vakker, også når den vert tolka av Brøndbo.
Aldri åleine
Og heilt til slutt, kom ein song som eigentleg ikkje var ein fotballsong, men den er med tida blitt det. Fotballsong altså.
– Eg har opplevd at folk har reist seg og gått under denne, men eg tek sjansen, sa han. Då skjønar kanskje fleire at det var «You’ll Never Walk Alone» det dreia seg om. Og sjølv om eg ikkje er spesielt oppteken av fotball, er det ein fin song som attpåtil har ein bodskap verd å få med seg. Dette var ein veldig fin avslutting på ein varm og nær og personleg konsert.