Kommande helg ( 10.-11. desember) skal Fjord og Stranda brann og redningsteneste ha øvingar i sentrum av Valldal.
Det er ikkje berre ei øving, men og eit kurs med opplæring av brannmannskapet. Brannmeister Stig Tore Rennemo seier dette på telefon til Storfjordnytt for å hindre at folk skal oppleve det som dramatisk og gjere folk engstelege.