– Turen til Muldal har vore vår vårtur i alle dei år. Litt seinare dette året, så denne dagen ha vi venta på ei stund, seier Else Albertsen.
– Høgdepunktet på turen til Muldal er å ete matpakke og drikke kaffi i Sødalsvika når vi kjem nedatt. På vegen plukkar vi med oss ein liten bukett hegg, det er tradisjon, seier Rolf Vold.
Dei to har teke turen til Muldal om våren i mange år. Dei kan hugse å ha kjøpt kaffi og svele av Margit og Sander Korsnes og blitt servert drikke av Magnar Muldal. Med dei i reisefylgjet er òg Eli Lote, ho er med for fyrste gong.