Like sikkert som at våren kjem, kjem òg Blink, skuleavisa for Eidsdal skule. Det har den gjort dei siste 48 åra. Dei legg opp til to utgåver i året og det er foreldra som får kvar var sine eksemplar, og så får Storfjordnytt eit.
Midt i Blink denne gongen har sjuandeklasse skrive om turen sin til Bjørnsund. Elles er tre fyrsteklassingar intervjua av elevane. Eit av spørsmåla var om kva dei ville bli når dei vart store. Eg vil vaske svarar ei. Vil du vaske på Eidsdal skule, spør journalistane oppatt. Ja det vil eg, er svaret dei får. Ei anna vil bli politi og grunngjev svaret med at då kan ho gjere noko viktig for samfunnet og hjelpe andre. Den tredje kan tenke seg å mate pingvinane i Atlanterhavsparken og vert det ikkje noko av det, kan han tenke seg ei stilling som insektforskar.
Det var mykje godt og opplysande stoff i Blink denne våren. Presentasjon av nye lærarar er både kjekt og nyttig.