Det har kome inn eit ønske om at det vert lagt til rette for at mennesket sin beste ven kan kome seg smertefritt over gangbrua som går over Valldøla i sentrum av Valldal.
Fjord kommune fekk førespurnaden og sende den vidare til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. I september i fjor fekk Fjord kommune melding attende. Der stod det at det vert arbeid med ei løysing og at ei plate inn mot vegbanen kan verte ei løysing. Der står saka i dag.