Storfjordnytt
2 minutter lesetid

«Sunnmørsprosjektet»

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Tine Rådgiving saman med produsentlaga og kommunane Sykkylven, Stranda og Fjord, har starta «Mjølkeprosjektet for Sunnmøre» for å styrke produksjonen av mjølk i området. Prosjektet er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og Tine.

Saken fortset etter annonsa

Oppstartmøte

Som ein del av prosjektet får alle mjølkeprodusentar tilbod om eit strategibesøk. Dette kan starte ein prosess for å hjelpe bonden med å ta rette val for framtida.

På Stranda vil det vere eit oppstartmøte der ordføraren frå Senterpartiet, Jan Ove Tryggestad, vil snakke om landbruket i området i eit berekraftperspektiv. Frå Statsforvaltaren kjem landbruksdirektør Brit Kari Eidseflot Hauger. Ho vil ha med seg flest mogleg mjølkeprodusentar inn i framtida.

Anders Hjellbakk er ung nok til å satse på landbruket. Han bygde nytt fjøs i 2019, held til i Hornindal og vil på møtet fortelje om eigne erfaringar. Møteleiar vil vere distriktssjef i Tine Rådgiving Bjørn Tore Reistad.

Prosjektleiar Marte Alnes frå Tine fortel til Storfjordnytt at Tine med dette prosjektet vil bidra til å oppretthalde mjølkeproduksjonen i området og hjelpe bonden til å ta val og omstille seg fram mot kravet om lausdrift i 2034. 

– Saman med bonden vil vi finne løysingar og vere med og hjelpe til med å ta gode val for framtida. To timar gratis rådgjeving kan vere ein god start, seier prosjektleiar i Tine Marte Alnes som òg vil vere med på oppstartmøtet og fortelje meir om «Sunnmørsprosjektet»