Møre og Romsdal fylkeskommune opnar Trollstigen for trafikk torsdag 9. juni kl. 13, det melder fylkeskommunen på heimesidene sine.
Samtidig får den siste, namnlause svingen namnet Grøvdalssvingen, etter David Grøvdal, som har hatt Trollstigen som arbeidsplass i 46 år.
Svingane i Trollstigen har namn etter personar eller arbeidslag som har vore med å byggje vegen, som til dømes Martin Uri, Anton Fiva og Arthur Langdal. I 2020 vart svingen ved Stigfossen døypt Nikkasvingen, etter Nikoline Myren Grønning, som var anleggskokke under bygginga.
Starta i 1974
David Grøvdal jobba sin første sesong i Trollstigen som vegarbeidar i Statens vegvesen i 1974. Dei 46 neste åra, fram til 2020, var han sentral i drift og vedlikehald av vegen. Fram til 2003 som maskinførar, seinare som kontrollingeniør der han følgde entreprenørane sitt arbeid i Trollstigen tett.
– Det er truleg ingen som har så mange arbeidstimar i Trollstigen og som kjenner vegen og fjella rundt så godt som David. Det var ein utfordrande veg å bygge, men det er også ein svært utfordrande veg å drifte og vedlikehalde. Det er ein del av vegfaget som ikkje får like mykje merksemd, difor er det ekstra gledeleg og veldig fortent at svingen etter Stigfossbrua på vei opp Trollstigen får namnet Grøvdalsvingen, seier byggeleiar Roar Vikhagen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Stengt måndag
Det står att ein del reparasjonar i Trollstigen. Måndag 13. juni frå klokka 07 til klokka 19 blir vegen stengt for å støype siste rest med betongkantar. Vegen er for smal til at trafikken kan køyre samtidig.