Måndag 29. august blir det anleggsstart på den nye ferjekaia på Linge.
Måndag byrjar altså Christie & Opsahl AS, som vann anbodskonkurransen, med å rigge seg til og å gjerde inn området ved ferjekaia.
Sjølv om ferjetrafikken skal gå som normalt medan nykaia vert bygd, vert heile området prega av anleggsarbeidet.
– Frå og med måndag vil det bli redusert framkomme i området, seier byggjeleiar Ole Kristian Remkall i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
– På fylkesvegen blir det nedsett fartsgrense i anleggsperioden til 50 km/t. Det blir oppstilling langs fylkesvegen for dei reisande, og ikkje høve til å parkere på ferjekaia. Heller ikkje rutebussen kan køyre ned på kaia for å ta på passasjerar, men bussen vil stoppe oppe ved fylkesvegen, seier han.
For å rettleie dei reisande, som i stor grad er turistar om sommaren, vil det vere trafikkdirigering på ferjekaia inntil trafikken minkar utover hausten.
Møre og Romsdal fylkeskommune skal denne hausten starte bygging av nye ferjekaier både på Linge og i Eidsdal for å ta imot nye, større miljøferjer frå 2024. Dei nye ferjene i sambandet Eidsdal-Linge har ein kapasitet på 80 personbileiningar, mot dagens ferjer med kapasitet på 35 personbileiningar.
Kontrakten inneheld bygging av komplett ny ferjekai ved sida av dagens kai på Linge. Tilleggskaia (piren) vert 75 meter lang, sju meter brei og vil i hovudsak vere bygd i betong. Køyrebrua av stål blir 12×18 meter.