Vegtrafikksentralen midt melder at fylkesveg 63 Trollstigen vert stengt for natta klokka 20 i kveld, laurdag 8. oktober. Snøen har lagt seg i løpet av natta – og det vert tilrådd å vere godt skodd med vinterdekk om ein skal over i løpet av dagen.
Fylkesveg Geiranger-Langvatn var nattestengt natt til i dag på grunn av fare for glatt veg over fjellet – og vert nattestengt på nytt klokka 20 i kveld. I morgon klokka 10 vil det bli gjort ei vurdering på om vegen skal opnast eller ikkje.