Den tradisjonelle kabareten til ungdomsskulen i Valldal – som skulle ha vore arrangert helga då vinterferien starta, måtte utsetjast. På grunn av sjukdom.
Denne veka tok Mette Natland Valdal kontakt med redaksjonen og fortalde at det vert kabaret no til helga. Fredag 4. mars og laurdag 5. mars. Klokkesletta er dei same som annonsert tidlegare.
– Vi må få vist framsyninga medan vi framleis har det vi har øvd på friskt i minne, seier Mette.
Ho fortel vidare at det vart seld flest billettar til fredagen og ikkje fullst så mange til laurdagen.
– Om det er nokon som har billett til fredag men som heller ønskjer å gå laurdag når det er betre plass, skal det late seg ordne, seier Mette og seier at dei som ønskjer å byte dag må gje skulen beskjed om det snarast råd. Ho forsikrar at dei vil strekke seg langt for å etterkome slike ønske slik at det blir ei best mogleg oppleving for flest mogleg av publikummarane.
– Utover det gler vi oss til å vise fram det vi har jobba med, dette blir veldig bra og veldig kjekt, avsluttar ho og oppmodar folk til å ta turen enten fredag eller laurdag.