Fjord kommune har no lagt ut oppdatert informasjon om besøket til kongeparet på nettsidene sine. Kommunen inviterer til folkefest – og synest blir stas å få Kong Harald og Dronning Sonja på besøk tysdag 30. august.
Etter besøket vil folkefesten halde fram til om lag klokka 14. Kommunen håper på ei fin ramme og godt oppmøte – og oppmodar folk til å heise flagget denne dagen.
Kongeparet kjem sjøvegen med kongeskipet og går i land på Syltetorget klokka 1030. Det blir dei tatt imot med blomster og velkomsthelsing.
Det blir innslag frå scena, og Dronning Sonja skal halde tale. Etter at Kongeparet har reist vidare, held folkefesten fram til kl 14.
Sjå programoppsettet her (PDF, 148 kB).
Kommunen oppmodar folk om å vere på plass i god tid før klokka 1030 slik ein kan helse Kongeparet med norske flagg og heiarop. Syltetorget er delt opp i ulike område – og det står å lese på kommunen sine sider at kart over området blir lagt ut etter kvart. Det vil vere vertar til stades, som er godt synlege med vestar. Dei vil rettleie folk inn på området.
NB! Publikumsinngangen er ved parkeringsplassen ved gatekjøkkenet.
Det blir tilrettelagt for parkering på rådhusmarka. Rørslehemma kan parkere nede ved gatekjøkkenet.