Fjord kommune melder på heimesidene sine at det denne veka er det meldt om 18 smitta, der 17 er i kommunen. Det er påvist smitte både i Valldal og Stordal.
Eigenregistering av positiv test
I tillegg minner kommunen om at den nye ordninga der ein registrerer positiv hurtigtest sjølv.
Dette skal du gjere om du har tatt ein hurtigtest og den er positiv. Frå 25. januar 22 er det nye retningsliner for kven som treng stadfestande PCR. Har du enten fått tredje vaksinedose eller to dosar og i tillegggjennomgått covid-19 i løpet av dei siste tre månadane, treng du ikke ein stadfestande PCR-test etter ein positiv hurtigtest. Hurtigtesten skal meldast inn til kommunen. Om ein skal melde inn positiv test for nokon andre og ikkje har fødselsnummeret til vedkomande, kan du ringe teststasjonen på tlf. 418 67 950 (måndag til fredag kl. 08.30-kl. 11.00) eller sende e-post til korona@fjord.kommune.no.
Nærkontaktar
Ein blir ikkje lenger fulgt opp av smittesporingsteamet, ettersom dette teamet kjem til å prioritere helseinstitusjonar, skular, barnehagar og større utbrot. Prioriteringa er i tråd med FHI si anbefaling. Dermed må ein varsle nærkontaktane sine sjølv.
Isolasjon
Isolasjonstida er seks døgn frå symptoma starta, eller seks døgn frå testdato for dei som ikkje har symptom. Isolasjonen skal ikkje avbrytast før den smitta har vore feberfri i minst 24 timar utan å bruke febernedsettande legemiddel.
Kven treng å ta PCR-test
Viss du er i ei av gruppene under, ta kontakt med kommunen for å få tatt PCR-test for å stadfeste resultatet av hurtigtesten:
• barn opp til 16 år (på grunn av vaksine)
• uvaksinerte
• personar i risikogrupper
• personar som ikkje har fått tre dosar og som treng koronasertifikat.