Det blir ekstremt mykje regn sør i Trøndelag og i Møre og Romsdal onsdag og torsdag. No har ekstremvêret fått namnet Gyda og har raudt farenivå, som er det høgaste farenivået.
Meteorologane sende tysdag føremiddag ut varsel om fare for jord-, sørpe- og flaumskred på oransje nivå i store delar av Sør- og Midt-Noreg. Like etter kom ekstremvêrvarselet for Møre og Romsdal og Trøndelag.
– Vedvarande regn gjer at vi ventar at fleire stasjonar kan få rekord for døgnnedbør i januar. Det er òg mildt for årstida, slik at all nedbøren som fell, er venta å komme som regn også høgt til fjells, heiter det på nettstaden til Meteorologisk institutt, met.no.
Etter at uvêret er over torsdag kveld, er det venta betydeleg lågare temperaturar og overgang til sludd- og snøbyger i fjellet.
Det er også ute eit gult farevarsel om vindkast onsdag morgen for kysten av Møre og Romsdal og Trøndelag. Det er venta vindkast på mellom 30 og 35 meter per sekund.