Onsdag 12. januar klokka 12.00 testar Sivilforsvaret signalet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.
Sivilforsvaret testar varslingsanlegga fast i januar og juni kvart år. Signalet vert sendt i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane. Signalet betyr at du skal søkje informasjon i til dømes radio, fjernsyn, aviser, på nettsidene til styresmaktene og i sosiale medier.
Rundt om i landet er det om lag 1 250 tyfonar som skal varsle befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga kan verte nytta både i fred og krig.
– I fredstid kan varslingsanlegga mellom anna nyttast ved industriulykker med utslepp av giftige eller farlege stoff. Medan i krig kan anlegga nyttast ved fare for angrep, seier direktør Elisabeth S. Aarsæther i DSB i ei pressemelding.
Sivilforsvaret testar tyfonane for å sjekke om dei virkar, og dei reparerer dei som ikkje fungerer.
– Varslingsanlegga er stort sett plassert i byar og tettstader og signala vil kunne høyrast av over halvparten av befolkninga, seier Aarsæther.
Sivilforsvaret er underlagt DSB og har ansvaret for å etablere, halde ved like og drifte varslingsanlegga. Politiet har ansvaret for å utløyse varsling i fredstid.
Oversikt over alle varslingsanlegga finn ein i DSBs kartløsning. Velj «Temalag», «Sivilforsvaret», og huk av for «Varslingsanlegg». På sikkerhverdag.no kan du lese meir om varslingssignala – og dei kan også høyrast på sivilforsvaret.no.