Nye nasjonale føringar og sjølvrapportering gjer at det blir mindre informasjon om smittesituasjonen i Fjord kommune framover. Ut denne veka vil vi legge ut statusoppdatering når det er noko å melde. Dette står å lese på kommunen sine heimesider.
I pleie og omsorg i Stordal er alle tilsette og bebuarar testa med PCR. Det er ingen fleire som er smitta der.
Det er no tolv som bur i kommunen som er smitta. Sju av desse er stadfesta med PCR-test. To av dei smitta går på ungdomsskulen i Stordal. Det er delt ut hurtigtestar til alle på ungdomsskulen som skal teste seg på dag tre og fem.