Fjord kommune melder på heimesidene sine at kommunen vil få barnevaksiner (for barn mellom fem og elleve år) i veke 4, altså komande veke.
Kommunen seier vidare at praktisk gjennomføring av barnevaksinasjonen vert å kome attende til med det første.
Må melde inn ønske
Alle som ønskjer vaksine til barnet sitt kan melde inn dette på kommunen sin koronatelefon.
Barn og unge får svært sjeldan alvorleg koronasjukdom, men enkelte kan ha behov for innlegging på sjukehus. Vaksinasjon kan redusere denne risikoen. Barn i alderen fem til elleve år får eigne barnedosar av BioNTech/Phizer, og det er slike dosar kommunen vil få.
Folkehelseinstituttet (FHI) seier at immunitet gjennom infeksjon, med eller utan éin dose med vaksine, også kan gi brei og varig beskyttelse hos barn og unge. Barna kan vaksinerast med både ein og to dosar – om dei føresette ønskjer det.
Éin dose er nok
Vaksine vil ifølgje FHI vere særleg aktuelt for
• barn med kroniske sjukdommar,
• familiar der barn har nær kontakt med personar med særskilt behov for beskyttelse,
• barn med auka risiko fordi dei skal flytte til eller opphalde seg i land med høgare smitterisiko eller dårlegare tilgang til helsetenester enn i Noreg, eller barn som av andre grunnar lever i ein svært utsett situasjon.
For dei som vel vaksine, meiner FHI at éin dose er det som gir best nytte-ulempebalanse i denne aldersgruppa.
Dersom det er ønske om ein andre dose, er det ifølgje FHI ein fordel med eit langt intervall på meir enn tolv veker etter første dose – for å minske risikoen for bivirkningar.
Frivillig
Vaksinering er frivillig. Dei som har fylt 16 år er helserettsleg myndige og kan samtykke til vaksinasjon sjølve. For barn som får tilbod om koronavaksine men som ikkje har fylt 16 år, må føresette samtykke til vaksinering. Barn og ungdom under 16 skal høyrast ut frå alder og modenheit og kva dei sjølve meiner om vaksinasjon skal leggjast vekt på.
For dei som ønskjer at barna deira skal få vaksine, er det viktig å hugse på at alle som er under 16 år må ha med eit ferdig utfylt samtykkeskjema når dei møter til vaksinering. Dette skjemaet må vere signert av begge foreldra, om både mor og far har foreldreansvar.