Onsdag og torsdag denne veka er det meldt svært mykje regn – og med det fare for flaum og jordskred. Dermed ber Fjord kommune innbyggjarane om å sjå over eigedomane sine og vurdere førebyggjande tiltak for at nedbøren ikkje skal gjere skade.
Yr.no melder at det frå midt på dag onsdag 12. januar til tidleg kveld torsdag 13. januar er venta ein stad mellom 80 og 120 millimeter regn i Møre og Romsdal. Farevarselet er på oransje nivå – og ein vert rådd til å følgje instruksjonar frå lokale styresmakter og råd frå beredskapsstyresmaktene. Dei som skal ut på tur, vert bedne om å vurdere om reisa er nødvendig – og i så fall sjekke vegmeldingar og tilpasse farten og køyre etter forholda.
Med så mykje regn på kort tid, er det fare for overvatn i tettbygde område, i tillegg til fare for stengte vegar og/eller overvatn ved bekke- og elveløp. Det vert meldt om vanskelege køyreforhold og fare for vassplaning på grunn av alt vatnet.
Vassføringa i bekkar og elvar er venta å auke. Det kan føre til omfattande flaum- og erosjonsskader på utsette stader, heiter det på yr.no. I område med is, vil det vere fare for isgang. Her vert ein også oppmoda om å sikre og flytte verdisaker vekk frå utsette område – i tillegg til å reinse stikkrenner, kummar og andre vassvegar for snø og is, jord og grus, kvist og og løv slik at vatnet kan renne uhindra der det vanlegvis renn. Ein vert også rådd til å halde seg unna elver og bekkar med stor vassføring.
Med dei store nedbørsmengdene, høge temperaturen og vinden som er venta, er det også venta at det vil gå fleire jord-, sørpe- og flaumskred. Dermed vert vi bedne om å halde oss unna også bratte skråningar.
Når det gjeld vind, er det onsdag venta sørvestleg liten til full storm på «utsette stader», særleg i ytre strok, og lokalt kraftige vindkast på 30-35 m/s. Det vert rådd til at det kan vere lurt å å sikre lause gjenstandar slik at dei ikkje bles av garde. I tillegg vert det gjort merksam på at ferjeavgangar kan bli kansellerte ettersom den sterke vinden lokalt kan gje høge bølgjer også inne i fjordane.
Det kan i alle høve løne seg å følgje med på varsom.no, vert det sagt både på yr.no og frå fleire forsikringsselskap som også ber folk om å førebu seg på mykje vêr dei komande dagane.