Fjord kommune har tilsett ein demenskoordinator – no har ho starta i jobben og har mange planar
Den nye demenskoordinatoren er Siv Ingeborg Støvreide og ho ønskja velkomen inn på dagsenteret på Stordalstunet. – Eg gler meg til å bli kjend med både pasientar og pårørande, slik at vi kan ha gode samtalar og gjere ting som er kjekt for dei, seier ho. Støvreide var med å starte eit vellykka dagsenter på Ørskog for ti år sidan, og der fekk ho gode tilbakemeldingar. Dei som kom stod også i kø om morgonen og gleda seg til å kome inn. – Mange tenkjer at dei ikkje kan gjere noko med situasjonen etter diagnosa, men man kan gi livskvalitet og glede med det ein har, seier ho. No vil ho skape eit godt tilbod i Fjord kommune.
Har du gyldig abonnement?
Prøv å logge ut og inn igjen. Dersom du framleis får denne meldinga, kontakt kundeservice på
post@storfjordnytt.no.
For å lese nettavisa på denne eininga må den bli lagt til aktive einingar på mi side. Trykk på «administrer aktive
einingar» for å legge til denne eininga som aktiv.