Bygdekvinnelaget i Valldal arrangerte sist laurdag lefsekurs med to drivne instruktørar og seks interesserte lefsebakarar hadde meldt seg på.
Dei heldt til på skulekjøkkenet på Valldal skule og då Storfjordnytt stakk hovudet inn dørene var dei allereie godt i gang med å steike hardinglefse.
15 lefser
Det er Nelly Ytterli og Solveig Linge Stakkestad som lærer frå seg. Vi får vite at det vert nytta kulturmjølk, smør og/eller soya margarin, sukker, hornsalt, egg og gjær i lefsene dei lager denne dagen. Gjær får emna til å heve litt og deigen flyt betre ut frå vi vite.
– Etter at vi har laga deigen deler vi emne opp i om lag 100 gram kvar. Kvar kursdeltakar lagar 15 lefser kvar denne dagen. Medan emna hevar seg pratar vi og drikk kaffi, koser oss rett og slett, seier Nelly og legg til at dei nyttar semulegryn og byggmjøl når dei bakar ut lefsene.

Ein bakstedag
Dei er to på kvar takke og medan ein steikar lefse kjevlar den andre ut emnet sitt. Anita Hjelme steikar lefsa si og passar godt på. Ho er interessert i tradisjonsmat og har starta med å ta meir lærarutdanning innan mat og helse.
– Det er på grunn av kompetanseløftet i skulen eg har starta på denne utdanninga. Å lære om tradisjonsmat er både interessant og kjekt. Det inneheld så mykje meir enn berre mat. Det er kultur og identitet òg. Det er ikkje så vanskeleg dette her, men det er ein god del arbeid, seier Anita med eit bestemt blikk på lefsa som ligg på takka.
Anne Marit Rørtveit bur på Alstad i Valldal og vil lære meir om å bake lefser og friske opp den kunnskapen ho allereie har. Ho vaks opp med å bake lefse, så dette vert ein repetisjon. På kjevla hennar, som far hennar har laga til henne, står initialane AMR og årstalet 1999, då var ho 15 år. Når ho no skulle på lefsekurs, laga same mannen, ein steikepinne (og kalla bakstefløy) og på den står det 2023.
– No har eg fått ei ny oppskrift og saman med naboen kan eg tenkt meg å ha ein bakstedag. Det er ein del arbeid og det krev ein del rigging av utstyr. Då er det kjekt å ha nokon å gjere det saman med, seier Anne Marit.

Litt vaniljesukker
Sukker, smør og litt rjome, kanskje litt vaniljesukker for å sette god smak. Det skal dei smøre lefsene med. Dette blandar Solveig og Nelly medan kursdeltakaren steiker ferdig lefsene sine. Dei legg litt press på stabelen for å halde lefsene flate.
– Når alle er ferdige å steike, dynkar vi lefsene litt med vatn for å få dei mjuke før vi smør dei, og då vert det tid for ein god prat og kaffi att, seier Nelly Ytterli.
Det er fleire ulike måtar å brette lefsene på og det er mange ulike oppskrifter på lefser. Det er ei tynnlefse og dei kallar den for hardinglefse, men den er ikkje heilt tynn. Kor tynn den skal vere finnest det òg ulike oppfatningar av. Opphavet til namnet kjem mest sannsynleg frå Hardanger, den same lefsa finn du òg i ytre del av Sogn og Fjorden. Etter ein prat med Kari Støfringsdal i Fjordamat skjønar vi det finnes mange typar og at lefsa har vandra rundt i landet utan å ta omsyn til fylkesgrensene. På tradisjonsmat.no er det oppskrifter og videoar om korleis dette gjerast, saman med gode oppskrifter. Oppskrifta Valldal bygdekvinnelag nyttar denne dagen finn du i nettsaka saman med fleire bilete.

Så rett i frysen
Oddbjørn Kleppe er med på lefsekurset som einaste mann. Han har fagbrev som kokk, men har aldri baka ei lefse i sitt liv, så no var det på tide.
– Dette går bra og det er kjekt å halde på med. Eg likar godt lefse, så då kunne eg vel lære meg korleis det vert gjort. Det er litt vanskeleg å få dei heilt runde, men det treng dei ikkje vere for når vi smør dei, så brettar vi jo dei saman. Dei skal ikkje hengast på veggen, ler han.
Alle har dei eit rundt underlag dei kjevlar ut lefsene på, dei fleste klipt runde frå ein voksduk. Dei finnast òg i tjukk seilduk. Kjevlene har taggar, ein kost og ein steikepinne må du òg ha. Viss du vil steike lefsene, må du ha ei takke.
Så er lefsene mjuke, kaffien er drukke og det som lefsene skal smørjast med er romtemperert og klart. Så smørjast og brettast det på litt ulike vis. Resultatet vert stort sett det same og kvar kursdeltakar har med seg 15 bretta lefser klare til å frysast. Nokre vert heilt sikker etne før den tid.
– Dette er festmat og er noko heilt spesielt å legge på fat når folk samlast, seier Solveig Linge Stakkestad.

