I morges, klokka 08.57, kom det melding om at det hadde vore ei ulykke på ein flåte som nyttast til fiskeoppdrett ved Ovråneset i Liabygda og at ein person vart skadd.
Det vart i tillegg meldt om eksplosjon på flåten som er på om lag 15×30 meter og er to etasjar høg. Årsaka til ulykka er førebels ikkje kjent.
Den skadde vart stadfesta død på staden og pårørande er varsla.
Politiet melder i tillegg på Twitter at kriminalteknisk er på staden og at det vert oppretta undersøkingssak.
Hofseth seier i ei pressemelding at selskapet på noverande tidspunkt har begrensa informasjon om ulykka og hendelsesforløpet.
– Ulykka resulterte i tapet av en av våre dyktige kollegaer. Våre tanker og dypeste kondolanser går til den avdødes familie og våre kollegaer, seier Jannicke Farstad, leiar for kommunikasjon i Hofset.
Ho legg til at det vert samarbeidd tett med naudetatane som er på staden, og at dei gjer det dei kan for å bidra til å handtere situasjonen.
Det var totalt fire personar til stades då hendinga inntraff på ulykkesstaden. Kva som har forårsaka ulykka er foreløpig ukjent, men Hofseth seier i pressemeldinga at dei har fått rapport om ein eksplosjon på anlegget, med fatale konsekvensar og at politiet er i gang med etterforsking for å avdekke årsaka til hendinga.
– Dei pårørande og våre tilsette har vår høgaste prioritet. Vi jobbar aktivt med å handtere situasjonen på best mogleg måte, og tilbyr all nødvendig støtte og assistanse til pårørande og våre tilsette, avsluttar Farstad i pressemeldinga.