Valldal Helselag bidrog ved årsskiftet med 10.000 kroner til innkjøp av 40 soveposar i samband med Ørskog Rotary sin innsamling av soveposar til Ukraina.
May Berli frå helselaget fortel at dei «snubla over» innsamlingsaksjonen på Facebook og syntest dette var eit svært godt tiltak – og dermed tok dei kontakt med Ørskog Rotary med beskjed om at helselaget ville bidra.
– Sjølv om vi i Valldal Helselag eigentleg fokuserer på lokale prosjekt, syntest vi at soveposeaksjonen til Ørskog Rotary var ein så god idé og at føremålet var så godt at vi hadde lyst til å bidra, fortel Berli.
Gerrit Rietman i Ørskog Rotary syntest det var kjekt at lag også frå nabokommunen hadde lyst til å bidra – og kan fortelje at det vart sendt avgårde til saman 80 soveposar, både nye og brukte. Og Valldal Helselag gav altså støtte til innkjøp av 40 nye soveposar.
Det var Ørskog Sparebank som dekte utgiftene til frakt av soveposane frå Ørskog til Ukraina, noko som også kom godt med.
Rietman synest det er utruleg kva som går an å få til på kort tid, og takkar så mykje for alle som bidrog. Han minner om at vinteren enno ikkje er over – og at Ørskog Rotary framleis tek imot både soveposar og pengegåver til innkjøp av slike