Kviven duo held konsertar på institusjonane for dei eldre i Fjord kommune kommande fredag. Duoen består av Britt Pernille Frøholm og Jorunn Marie Kvernberg som er to av dei beste spel-kvinnene her til lands. Instrumenta dei nyttar er fele, hardingfele i tillegg til piano. Dei skal framføre gamle danseslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre med høg energi, slik dei pleiar å gjere, og vil syne at denne musikken er like god og aktuell å høyre på i dag, slik den var den gongen den vart komponert.
Den fyrste konserten er på Eidsdal omsorgsbustader før middag, den andre på Valldal sjukeheim etter, før dei reiser til Stordalstunet og held den siste konserten der. Det er Festspela i Geiranger som står for initiativet.