Heilag Olav var på flukt inn Storfjorden i det herrens året 1028. I redsel for fienden rodde og segla han forbi Sylte, på full fart inn Tafjorden. Men då han kom om lag til Oksneset vart han òg skremd av dei høge uframkomelege fjella inn mot Tafjord og bestemte seg for å snu og ro attende til Sylte. Vidare gjekk fluktruta opp gjennom Valldalen. Så langt er det samstemt med det Snorre Sturlason har skrive ned.
Segna som har kome i tillegg er at då Heilag Olav skulle snu, gjekk han fram i stamnen på vikingskipet sitt og sette årebladet inn i fjellsida ved Oksneset, aust for Osvika. Det så hardt at han laga eit hol i fjellet. Det holet har sidan fått namnet Årabladet eller Årahola