– No er det godt lys gjennom heile løpet på Fjøråtunellen i Valldal.
Ein opplyst kar kom innom redaksjonen og gjorde merksam på det. Han hadde stått opp ein gong i løpet av natta og lagt merke til noko uvanleg som lyste opp. Det viste seg altså å vere dei nye ledlysa i tunellen som startar på Sylte i Valldal og ender opp i Vika.
Kjell Arne Navarsete er frå Sogndal og arbeider i Mesta elektro. Dei har arbeidd med å montere lys i tunellen i tre veker. Det har vore mykje nattarbeid for å få det til, i den tronge tunellen. No er gamle lys byta ut med spreke ledlys som nyttar mindre straum og som gir betre lys. Natt til onsdag denne veka avslutta dei arbeidet i tunellen og på føremiddagen var dei i ferd med å pakke saman utstyret for å køyre til Sogndal der dei har lageret sitt.
– Det vert mykje reising i ein slik jobb, men det er ikkje så vanleg lenger å ha arbeidsplassen sin der du bur. Eg trivst med reisinga og her i Valldal, og i dette distriktet, har eg ikkje vore før. Det er veldig fint her og det har vore ei kjekk oppleving, seier Kjell Arne Navarsete i Mesta Elektro.