Kva gjer du med mykje rognebær

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Storfjordnytt har over ein periode på to år «forska» på samanhengen med mykje rognebær hausten og snømengda vinteren etter. «Forskingsresultatet» viste at var det mykje bær, vart det mykje snø. Heilt spikra er det nok ikkje, men ein ting er sikkert: du kan lage rognebærgele om det er mykje rognebær.
Saken fortset etter annonsa
Dei viktigaste ingrediensane er rognebær, vatn og sukker. Du kan òg ha i eple og krydder som kanel og muskatplomme, eller kanskje stjerneanis. Geleen skal visst verte betre om rognebæra har fått oppleve ei frostnatt. Du kan sjølvsagt simulere ei frostnatt ved å legge rognebæra i frysaren.