Laurdag var det kafé på ungdomshuset i Liabygda, og her kunne ein kjøpe seg kake til berre ti kroner stykket, kaffi med gratis påfyll og delta på loddsal, åresal og andre festlegheiter.
Det var heilt fullt inne av folk som ville møtast denne dagen for å slå av ein prat med kjentfolk eller møte nye.
Det var mange flotte premiar ein kunne vinne, til dømes strikkagenserar, turklede, sjokolade, verktøykasse, sengjetøy eller truger. Av barnepremiar kunne ein vinne sykkel, puslespel, bamsar og andre ting.