Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Nominert og sett pris på

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Landbruksselskapet i Møre og Romsdal er ei stifting med eit styre beståande av fylkesleiar i Møre og Romsdal Bondelag Konrad Kongshaug, leiar i Bonde og småbrukarlaget Stein Asle Brubæk, seksjonsleiar Eivind B. Riste og styreleiar er Frank Dagfinn Madsøy hos landbruksavdelinga til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Dei deler ut ein årleg inspirasjonspris, og Indre Sunnmøre bondelag sende inn forslag og nominerte Hegelin Waldal og Audun Skjervøy.

Saken fortset etter annonsa

– Det dei driv med av landbruksrelatert aktivitet, er å produsere jordbær til Valldal Grønt, utvikle og drive gardsbutikk med potet og grønsaker i mange variantar. I tillegg kombinerer dei det med å drive verksemd og levere tenester som ofte kan knyttast til meir urbane strøk med verksemda Språksmia. Det syntest vi i styret i Landbruksselskapet Møre og Romsdal kunne vere til inspirasjon og motivasjon for andre. Ein framifrå måte å kombinere by og land på og som ber inspirasjonsprisen vår godt, seier Frank Madsøy.