Dei to nye ferjene som skal trafikkere sambanda Eidsdal–Linge og Liabygda–Stranda vert bygde på Tersan Shipyard i Yalova i Tyrkia og er «søsterskip». Namna vert Norddalsfjord og Sunnylsfjord. Dei vert 84 meter lange og 16,3 meter breie med passasjerkapasitet på 248 inkludert mannskap og har plass til 80 personbilar.
Norddalsfjord vert nok ferdig i god tid før den skal takast i bruk.