Fjord kommune arrangerer Supersommar og tysdag var det Oppdrag Tafjord der målgruppa var mellomsteget for skulane i kommunen. Oppdraget inneheldt element av orientering, rebus, SUP, rappellering og hjernetrim.
Storfjordnytt trefte elevar frå Valldal skule i ferd med å løyse matteoppgåver på kaia i Tafjord før dei skulle padle på brett, eller SUP som det vert kalla. Friluftsbadet var fullt av born som deltok på eit fullbooka symjekurs.