I perioden 25. januar – 4. februar skal Fjøretunnelen oppgraderast, og det fører til redusert framkome. Tunnelen ligg langs fylkesveg 92, på strekninga mellom Sylte og Fjørå i Fjord kommune.
Ledebilkøyring
Arbeidet i denne perioden blir gjort mellom 17.30 – 06.00. Det blir ledebilkøyring mellom 17.30 – 22.30 og 05.00-06.00. Nattestid, mellom 22.30 – 05.00 er tunnelen i utgangspunktet stengt, men det blir gjennomslepp av køyretøy klokka 01.00 og 03.00.
Også natt til førstkomande laurdag vert det ledebilkøyring og gjennomslepp to gongar i løpet av natta, medan arbeidsfolket tek fri natt til førstkomande søndag slik at då er tunnelen open.
Stengd to netter
I løpet av perioden vil tunnelen vere heilt stengd to netter, frå 22.30 – 05.00. Grunnen er at det skal jobbast med med sprøytebetong. Akkurat når dette arbeidet blir gjennomført er vêravhengig, så derfor oppfordrar vert trafikantane oppmoda til å følge med på 175.no.