Om vêret held fram som no, vert trulet ferjesambandet Eidsdal-Linge innstilt resten av kvelden. Det seier Odd Reidar Ormåsen i Fjord1. Han seier at kombinasjonen sterk vind rett frå sør og det pågåande kaiarbeidet på Linge, gjer det for risikabelt å leggje til på Linge.
– Med kaiarbeidet er det rett og slett for trongt når vinden slår inn i fjellet og ned att og presser ferja utover. Då er faren stor for å treffe anleggsområdet i sjøen, seier han.
Slik vêrmeldingane er no, ser det ut til at sambandet er attende i vanleg drift i onsdag morgon.
Når det gjeld sambandet Stranda-Liabygda som no er i normal drift att etter å ha vore innstilt sidan i ettermiddag, hadde det ingenting med vêret å gjere. Ormåsen fortel at det var ein termostat på eit gir som hadde havarert – og det tok tid å få rette delen frakta til ferja slik at termostaten kunne skiftast.