Som bygdefolket på sørsida av Norddalsfjorden nok har fått med seg, er arbeidet med ut- og ombygging av Eidsdal ferjekai no så smått i gang. Det betyr også at det utpå våren vil vere nødvendig å stenge kaia i Eidsdal for trafikk i nærare to veker.
Førebels er det gravearbeid i samband med VA-anlegg (vass og avlaup) som så smått er i gang, men prosjektleiar i fylkesvegavdelinga, Ole Kristian Remkall, seier at omfanget av arbeidet i Eidsdal vil auke på i vekene som kjem.
Det skal etablerast byggjegrop for nytt landkar med dertil høyrande fundamentering. Og ferjebrua skal byttast. Og det er i samband med særleg det siste at det er nødvendig å stenge sambandet for trafikk i denne første stengeperioden.
Stengt i sju til ti dagar
Fylkesvegavdelinga har landa på at den første stengeperioden vil bli i veke 17, altså frå og med måndag 24. april, og i ein sju til ti dagar. Det vil seie at mest truleg vert sambandet stengt også veke 18.
Remkall fortel at deadline for å få ferdig ny ferjebru og den nødvendige utdjupinga i innerste delen av ferjebåsen er veke 18. Det er fordi at i veke 19 skal B-ferja i drift på sambandet, slik at då må sambandet gå som normalt.
Konsekvensar
Stenging av ferjesambandet på dette viset får ein god del konsekvensar for ikkje berre dei som bur i Eidsdal, Norddal og Geiranger, men for alle som har ærend over fjorden. Det er relativt stor byggjeaktivitet på sørsida av fjorden – med det det medfører av transport av nødvendige varer og tenester. Det er pendlarar som treng å kome seg til og frå jobb, det er sjuketransport, dyretransport, henting av mjølk hos bøndene, aviser skal distribuerast – og mykje meir.
Remkall fortel at for pendlarane sin del vil det bli etablert ein skyssbåt mellom Eidsdal og Valldal.
– Men vi har ingenting konkret på plass enno. Vi må få til ein avtale om sjølve skyssen, i tillegg til at vi må gjere avtalar med kaieigarar i både Eidsdal og Valldal. Og så må vi i tillegg ordne det slik at det vert busskorrespondanse for til dømes skuleelevar slik at dei kjem seg dit dei skal. Dette er slike ting vi må ha på plass før vi kan gå ut med nærare informasjon, seier han.
Sambandet Hellesylt-Geiranger
Ferja som normalt trafikkerer sambandet Eidsdal-Linge vil bli sett i trafikk på sambandet Hellesylt-Geiranger slik at det vert fleire avgangar der. Det er ifølgje Remkall også for å få fram til dømes varetransport på ein god måte.
– Men kva med ambulansetenesta, det er ikkje alltid det er tid til å sigle avgarde på fjorden med sjuke folk i bilen?
– Det er slike ting vi må finne ei løysing på i samarbeid med naudetatane, seier Remkall.
Han fortel at han allereie har fått eit innspel som gjeld veterinærtenesta, ettersom stenginga kjem midt i lamminga for mange.
– Då må vi ha ei vaktordning på båten slik at den kan rykkje ut med veterinæren når det er behov for det, seier han.
Ny stenging til hausten
Når det gjeld den andre stengeperioden, seier Remkall at denne vil bli først utpå hausten når ein er attende til éi ferje på sambandet, mest truleg i slutten av oktober. Då skal det setjast ned pæler til ny pir lengst ute – og han fortel at utstyret som skal til for å gjere dette er så stort at det vil sperre for ferja.
– Og den stengeperioden kan nok vare lenger enn den første, seier han.
På den andre sida, har ein då gjort seg erfaringar frå den første stengeperioden i april/mai som ein kan ta med seg til hausten.
Sommaren
– Det skal i utgangspunktet setjast større ferje i trafikk 1. januar 2024. Rekk de det?
– Nei, det rekk vi ikkje, kjem det kontant frå Remkall.
Arbeidet med ny ferjekai på Linge er i rute, men ein vil vere avhengig av systemet som er no, med ferjekøen langs fylkesvegen og manuell dirigering også til sommaren.
– Det vil bli kaotisk. Kva då med pendlarane?
– Vi må gjere noko for å ivareta dei med pendlarpass, altså fortrinnsrett, på ferja, seier han og legg til at ein må kome attende til korleis dette reint praktisk skal gjerast. Men at pendlarane framleis skal ha høve til å ha fortrinnsrett på ferja, det er han heilt tydeleg på.
Innspel
Remkall vil gjerne at folk kjem med innspel på kva dei må tenkje på ved stenging og korleis ting kan løysast. Innspel som går direkte på liv og helse som til dømes pasienttransport, sendast direkte til han på epost Ole.kristian.remkall@mrfylke.no.
Når det gjeld andre innspel frå privatpersonar, har Merete Løvoll Rønneberg sagt seg villig til å vere «mellomledd». Dermed, har du innspel til fylkeskommunen når det gjeld stenginga av ferjesambandet som ikkje har med liv og helse å gjere, send dei til merete@verdsarvfjord.no – så samlar ho opp og sender vidare til fylkeskommunen.
Storfjordnytt har også fått løfte om at fylkeskommunen, så snart dei har noko meir konkret å kome med i samband med stenginga, skal kome med god og fyldestgjerande informasjon – og det i god tid i førevegen.