Når Møre og Romsdal fylkeskommune skal redusere driftsnivået på kollektivområdet med 50 millionar kroner frå 1.1.2024, må ein enten kutte i ferje- og kollektivtilbodet, eller akseptere auke på ei takstsone på alle ferjesamband. Eller ein kombinasjon av desse. Det seier fylkeskommunen i ei pressemelding.
Det er fylkeskommunedirektøren sitt forslag for å følgje opp innsparingstiltaka som vart vedtatt i økonomiplan 2023-2026 i fylkestinget i desember. Forslaga om rutekutt eller takstauke blir i dag, onsdag 1. mars, sendt ut på høyring med høyringsfrist 28. april. Etter høyringa blir det fremma ei politisk sak, som skal til endeleg avgjerd i fylkestinget i juni.
Politikarane vart i møte i samferdselsutvalet i dag onsdag 1. mars orienterte om prosjektet «Omstilling FRAM drift 2024» og forslaga til eventuelle rutekutt og endringar i ferje- og kollektivtilbodet.
Skal ta ned utgiftene
Som en konsekvens av vedtaket i fylkestinget, har fylkeskommunedirektøren etablert prosjektet Omstilling FRAM drift 2024. Prosjektet har vurdert korleis utgiftene til FRAM drift kan takast ned til eit nivå som betre samsvarar med fylkeskommunen sine inntekter (overføringar frå Staten og billettinntekter) til drift av fylkeskommunen sitt ferje- og kollektivtilbod.
Prosjektet Omstilling FRAM drift 2024 har utgreia desse innsparingane og alternativa:
- Ferje: Innsparing på minimum 50 millionar kroner
- Hurtigbåt: Innsparing på 5 millionar kroner
- Buss: Innsparing på 10 millionar kroner
- Utgreie auka inntekt ved å auke med éi takstsone på alle samband
Under orienteringa i samferdselsutvalet vart det peika på at det er tre alternative løysingar for ferje- og kollektivtilbodet i fylket:
- Auka statleg overføring for å bevare dagens drift
- Rutereduksjonar tilpassa økonomiske rammer
- Auka inntekter frå dei reisande
Nasjonal ferjestandard
Omstilling FRAM drift 2024 har brukt nasjonal ferjestandard som utgangspunkt i arbeidet med kutt- og endringsforslaga i ferjetilbodet.
Fylkeskommunen får overført rammetilskot frå staten gjennom inntektssystemet, og nasjonal ferjestandard er retningsgivande for rammene for ferjedrifta. Denne standarden definerer kor mange rundturar eit ferjesamband skal ha på kvardag og kva opningstid sambandet skal ha, klassifisert ut ifrå lengde i km og årsdøgntrafikk (ÅDT).
Forbruket på ferjedrift i fylket er over 200 millionar kroner meir i året enn rammetilskotet frå staten, og tilbodet i dei fleste ferjesambanda ligg over nasjonal ferjestandard.
Eit av eksempla på dette er Edøya–Sandvika, der Staten legg til grunn at det berre skal gå éi ferje. Også på opningstider er det mange samband som ligg over standarden. Det største avviket her er på Molde–Sekken, der det etter nasjonal ferjestandard ikkje skal gå ferje i helgene. Opningstidene på Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya er også langt over standarden.
Det er lagt opp til kutt og endringar i alle sambanda med fylkesvegferjer, og rutereduksjonen er på same nivå for samband med like trafikktal. For fleire samband er det dei første og siste avgangane på kvardagar samt avgangar på helg som vil bli kutta når ein skal basere tilbodet på nasjonal ferjestandard.
Alternativ: Takstauke
Omstilling FRAM drift 2024 har også sett på kva som kan være alternativet til å redusere rutetilbodet i fylket.
Under orienteringa i samferdselsutvalet vart det lagt fram eit alternativ med forslag om éi auka takstsone på alle ferjesamband. Berekningar viser at dette vil kunne gi ein inntektsauke på 44,9 millionar kroner.
Ei auke i takstsone kan også gjelde dei sambanda som har takstsone 0 i dag og dei sambanda som vil få dette frå 16. august 2023. Desse sambanda vil då få takstsone 1.
Reduksjon for buss og hurtigbåt
For hurtigbåtrutene i fylket er det foreslått driftsreduksjon på 5 millionar kroner.
Reduksjonen i bussdrifta er foreslått på bakgrunn av at fylkeskommunedirektøren ser at den økonomiske ramma for buss ikkje er tilstrekkeleg. Årsaker til dette er mellom anna auke i kostnadar for tilrettelagt skuleskyss, prisvekst og mogleg ny takstsonestruktur. Fylkeskommunedirektøren vil derfor forslå rutereduksjon på buss på inntil 10 millionar kroner netto (justert for tapte inntekter).
Prosessen vidare
Forslaga frå Omstilling FRAM drift 2024 blir sendt ut på høyring onsdag 1. mars, med svarfrist 28. april. Saksframlegget vil bli politisk behandla i perioden 31. mai-21. juni, og eit eventuelt nytt ruteopsett vil bli kunngjort 1. september. Det nye ruteoppsettet vil då starte opp frå 1. januar 2024.