Ferjesambandet Eidsdal–Linge er et av dei mest trafikkerte sambanda i fylket på sommarstid når turisttrafikken til og frå Geiranger er på sitt høgste. Derfor får dei fastbuande tilbod om pendlarpass på reiser til og frå arbeid eller legebesøk, seier Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok i 2020 å innføre pendlarpass på sambandet. Pendlarpass er administrert av Fjord kommune og gjeld frå og med 1. juni til og med 31. august. Desse vilkåra gjeld for pendlarpass:
- Fortrinnsrett med personbil berre til og frå arbeid
- Fortrinnsrett med stadfesta time på sjukehus, hos lege o.l. Dokumentasjon (SMS/brev) skal framvisast til trafikkvakter/ferjemannskap ved ferjekaiene
- Maksimalt 4 med pendlarpass per avgang
- Oppmøte seinast 10 minutt før avgang
Søknadsfristen er 1. juli 2023. Søknad sendast til Fjord kommune i eige skjema på nettsidene deira. Pendlarpass vil bli sendt ut på e-post.
Bruk anvist område
Rådgivar for drift i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune, Thor Arne Aasebø, opplyser at det vil vere eit eige område for dei med pendlarpass på ferjekaia.
– Dei med pendlarpass må møte opp seinast 10 minutt før avgang, og det er viktig at dei nyttar det anviste området på kaia, seier han.
Turbussar
Vidare har Aasebø ei oppmoding til turbussoperatørar som skal reise med sambandet:
– No i høgsesongen bør turbussar i størst mogleg grad reise med avgangane til B-ferja sidan denne har størst passasjersertifikat.
Han har også ei oppmoding til alle som skal reise Eidsdal–Linge i sommar:
– Det er viktig at alle følgjer dei tilvisingane dei får frå trafikkdirigentane. Dei er der for å gjere trafikkavviklinga tryggare og enklare for alle.