Torsdag 14. september blir Stordalstunnelen, på fylkesveg 650 i Fjord kommune, stengt mellom klokka 19.00 og 21.00 på grunn av beredskapsøving. Det blir ledebilkøyring ein time før og etter dette på grunn av opp- og nedrigging.
Rutebussen som skal gå innanfor denne tidsramma får passere. Trafikantar som skal til Dyrkorn vil sleppe gjennom Dyrkorntunnelen, men desse må kontakte trafikkdirigent på Kokarsteinen før dei køyrer gjennom.
– Tunnelar over 500 meter er definerte som særskilte brannobjekt etter forskrift om brannforebygging. Det er difor eit krav at kvar tunnel skal ha ei eigen plan for beredskap i tunnelen og at det skal være jamlege øvingar med naudetatane, seier brannvernleiar Olav Amund Myklebust i Møre og Romsdal fylkeskommune.