Fv. 655 Norangsdalen og fv. 63 Geirangerfjellet opnar i dag etter å ha vore stengd sidan i går som følge av ekstremvêret Hans.
Dei to fylkesvegane har vore stengd sidan måndag kl. 17.
- Fv 63 Geirangerfjellet opnar tysdag kl. 16. Men på grunn av varsla regnbyger, så kan tidspunktet for opning endre seg.
- Fv. 655 Norangsdalen opnar tysdag kl. 12.
Meteorologane melder om lokalt kraftige regnbyger.
– Vi opnar desse to vegane, men det har kome veldig mykje nedbør enkelte stader, og terrenget er metta av vatn. Derfor kan styrtregn gjere at vi kan måtte stenge vegar på kort varsel på grunn av skred eller fare for skred, seier fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen.
Fv. 63 Trollstigen vil framleis vere stengd grunna store vassmengder. Det blir gjort ei ny vurdering onsdag kl. 08.