Møre og Romsdal fylkeskommune melder at det skal føregå sikring av fjell langs eit område på fylkesveg 5926 Norddalsstranda. Arbeidet startar opp tysdag 31. oktober – og er planlagt å halde på i fem dagar, altså til og med laurdag 4. november.
I pressemeldinga som er sendt ut, ber fylkeskommunen reisande om å vere merksame på at arbeidet kan ta lengre tid, men at det uansett ikkje vert arbeidd søndag.
Formannskapet
Då formannskapet var samla til møte i går ettermiddag/kveld, hadde fylkeskommunen ei orientering til politikarane – nettopp om Norddalsstranda. Og då vart det kjent at ein startar opp sikringsarbeid ved Reinshammaren på tysdag. Årsaken er at Norddalstranda er relativt høgt oppe med tanke på det karane i fylkeskommunen kalla skredfaktornivå – fordi det er dokumentert mange hendingar og det har gått skred.
Det er ikkje alltid så lett å spå om skred – og Karl Inge Vestre Hauge fortalde at det ikkje alltid er like lett å tolke vêr, vind og natur. Men – han la vekt på at Norddalsstranda har hyppig inspeksjon samanlikna med andre strekningar, rett og slett fordi vegen har høgt skredfaktornivå og fordi strekninga vert nytta dagleg av bygdefolket – og fordi det eigentleg ikkje er omkøyringsvegar.
– Når det er krevjande vêrforhold er det eit større apparat i sving med ulike folk som i lag vurderer skredfare og om det skal gjerast føre var-tiltak, eller om ein vurderer det som fornuftig å halde vegen open med auka beredskap og auka observasjon. Vi er heldige der inne, med gode folk med god lokalkunnskap som kan gjere gode vurderingar på plassen. Det er alfa og omega, sa Vestre Hauge og la til at det er eit ønske om å halde vegen open, samtidig som den er tryggast mogleg. Det er ofte ein vanskeleg balanse, sa han og la til at Norddalsstranda er såpass skredutsett at den aldri er heilt trygg.
Kven har ansvar for kva
Vestre Hauge var tydeleg på at det som går på vegen og vurderingar knytt til om vegen skal stengast eller ikkje, det er fylkeskommunen sitt ansvar. Så er det kommunen som har ansvaret for innbyggjarane med omsyn til skule, barnehage, brann, helse og slike ting
Arne Krohn, som inntil få dagar sidan var konstituert kommunedirektør, kunne fortelje om at det når det var så dårleg vêr sist, så fekk kommunen mange bekymringsmeldingar frå foreldre som heldt ungane heime frå skule og barnehage – og at det har vore eit tema kring vurderingar knytt til når vegen er og ikkje er trygg.
– Vår vurdering er at når Møre og Romsdal fylkeskommune vurderer vegen som trygg nok, då vi vurdere ut frå det og bruke skule og barnehage som vanleg. Og eg presiserer at skule og barnehage er kommunen sitt ansvar.
Kortsiktig tiltak
Arbeidet som vert sett i gang komande veke sorterer under kategorien kortsiktige tiltak. Det har vore gjort vurderingar av plassen med mellom anna geolog og ein har kome til at det må gjerast strakstiltak.
Geolog Erlend Alvestad fortalde at det vil vere eit fanggjerde som skal opp i området ved Reinshammaren. Karl Inge Vestre Hauge fortalde at det ikkje vert igangsett nye større skredsikringstilgak for i 2027/2028 slik det ser ut no.
– Men her har sjølvsagt politikarane mykje dei skal ha sagt, dei kan endre den tidslina både forover og bakover, sa han og la til at Reinshammaren lig forholdsvis høgt oppe på lista over slike tiltak.
– Den ligg såpass høgt oppe at den kanskje vert neste større prosjektet. I alle fall er det prosjektet, sett frå ein fagleg ståstad, eitt av prosjekta som bør fullførast, supplerte Alvestad.
På spørsmål frå formannskapet om eit fanggjerde faktisk vil fungere på ein stad som ved Reinshammaren, svara geologen at det har vore gjennomført mange prosjekt dei siste åra med liknande skredpunkt som Reinshammaren, som ein har gode erfaringar med. Eitt slikt liknande prosjekt er til dømes i Eikesdal.
Med eitnggjerde meiner geologen at ein vil ha kring 75 prosent sikring, men at det er ein restsiriko på om lag 25 prosent. Einaste alternativet med 100 prosent sikring, er tunnel, men det er sjølvsagt vesentleg dyrare enn alternativet med eit fanggjerde.
Stengetider
Men attende til sjølve stengeperioden. Vegen vert altså stengt når sikringa vert utført, og stengetidene vil vere slik frå og med tysdag 31. oktober til og med laurdag 4. november:
Stengt: kl 08.30-10.50
Open: kl 10.50-11.15
Stengt: kl 11.15-14.15
Open: kl 14.15-15.00
Stengt: 15.00-17.15