Fylkesveg 63 Trollstigen vart stengd kl. 13 i dag, det melder Møre og Romsdal fylkeskommune. Etter oppdaterte vêrprognosar frå Meteorologisk institutt og stor auke i vassføringa fleire stader, har fylkeskommunen bestemt seg for å stenge fleire vegstrekningar.
I tillegg til Trollstigen, blir desse vegstrekningane stengt måndag 7. august:
Fv. 655 Norangsdalen blir stengt frå kl. 17.00.
Fv. 63 Geirangerfjellet blir stengt frå kl. 1700 på strekninga Langvatn–Geiranger
Må vere trygt
Fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen forklarar at dei stenger desse vegane utifrå eit føre-var-prinsipp.– Vår førsteprioritet er å sørge for at det er trygt for folk å ferdast på fylkesvegane våre. I desse områda ser vi at den varsla nedbøren kan få store konsekvensar. Vi vil ikkje ha trafikantar på vegane når det verste vêret sett inn, seier han.
Tønnesen fortel at dei overvakar fylkesvegnettet og følgjer situasjonen tett.
– Vi er godt bemanna, og har folk ute som følgjer nøye med på utviklinga.
– Fylkeskommunen har sett beredskapsstab på samferdselsområdet og handterer akutte hendingar fortløpande.
Andre strekningar kan også bli stengd
Fylkesvegsjefen opplyser at det også er fleire andre vegstrekningar der trafikantar kan rekne med stenging på kort varsel i løpet av måndag eller tysdag. Dette gjeld spesielt desse strekningane:
- Fv. 660 på strekninga Åfarnes–Vistdalen
- Fv. 62 på strekninga Øksendal–Sunndal
- Fv. 6012 på strekninga Øverås–Eikesdal
- Fv. 6138 på strekninga Sunndal–Grøa
– Dette er vegstrekningar der vi veit at ekstreme mengder vatn kan føre til ulike hendingar. Vi har lav terskel for å stenge desse strekningane dersom vi ikkje likar utviklinga i vassføringa der, seier han.
Informasjon om stengingar
Tønnesen seier at fylkeskommunen vil varsle om stengingar så raskt som mogleg i aktuelle kanalar, men han oppmodar trafikantar om å følje med på trafikkmeldingar frå VTS.
– Hos VTS finn du oppdatert informasjon om stengingar og hendingar på vegnettet. Om du føljer med på trafikkmeldingane, blir det enklare å vurdere kvar og når du bør køyre slik at du slepp å møte stengte vegar. Og om du ikkje må ut og køyre det neste døgnet, kan det også vere ein god ide å halde seg heime, avsluttar fylkesvegsjefen.